Kjøp deg litt "Sprengstoff"! Ny plate av BokkeReidars Bluesband

Då er det råd å skaffe seg 12 nye songar med BokkeReidars Bluesband. Her får du tak i den: Statoil i Volda, Aasentunet i Hovdebygda, Røysli handel i Volda, Lydmakeriet i Ørsta og Statoil i Midsund. Skulle dette vere vanskeleg på nokon slags måte er det berre å ta kontakt med Svein (91648802) eller Klaus (91123588) så skal det nok ordne seg.

No er den komen! Etter mange år med venting kan du no få kjøpt deg litt ny musikk av Bokkane. Dette er den fjerde plata frå bandet og den andre med tekstar på sunnmørsdialekt. Nytt denne gongen er at alt er sjølvlaga og spelt inn i Volda. Det er forsvinnande få platebutikkar att i bygdene etter kvart - så for å få tak CD'en må du altså: stikke innom Statoil i Volda, Lydmakeriet i Ørsta, Aasentunet i Hovdebygda, Røysli handel i Volda, Statoil i Midsund eller ta kontakt med Svein (91648802) eller Klaus (91123588).

 Coveret er teikna av den lokale kunstnaren Gard Helset.

 

Klaus Blø @ Bokkereidars // 19.12.11

Sprengstoff

Sprengstoff