Opplev BRBB på Fabrikken i Lillehammer!

Laurdag 8. september er det klart for tur til Lillehammer. Bokkane spelar under bakgårdsfesten ved Fabrikken.

Ved Fabrikken i Lillehammer arrangerer dei kvart år ein bakgårdsfest og gjev sine oppmøtte variert musikk og god stemning.

I år er ikkje eit unntak - så laurdag 8. september spelar mellom anna Highasakite, Oslo Ess og BokkeReidars BluesBand

opp i bakgården. Med to "lokale" medlemmar (Andrè og Trond bur på Lillehammer) er dette nesten som å kome "heim" for Noreg

sitt lengstlevande bluesband, BRBB.

Vi satsar på ein svett kveld saman med mange kjekke folk.

Meir informasjon:

http://www.fabrikken.org/Det-skjer/Kulturnatt/Det-skjer/Bakgaardsfest-igjen

Klaus Blø @ Bokkereidars // 20.08.12

Fabrikken

Fabrikken