Vidar Busk og Side Brok vert gjestar!!

Den norske blueskongen Vidar Busk og dei tøffaste gutane frå H-bygda, T. Hyl og Skatebård, vert å sjå på scena saman med BokkeReidars Bluesband 10. november.. Dersom du lurer på korleis dette blir.. kjøp billett!

Noregs bluesstjerne nummer ein Vidar Busk, og rap-gruppa Side Brok står begge på scena under jubileumskonserten til BokkeReidars Bluesband i Ørsta Kulturhus laurdag 10. november!

-Det er fantastisk at vi har fått med oss desse flotte artistane, seier bassist og grunnleggar av Bokkereidars Bluesband, Svein Hunnes.
-Vi har fleire gonger spelt på dei same festivalane som Vidar Busk, men aldri hatt høve til å gjere noko saman med han. Men det får publikum no oppleve under jubileumskonserten i Ørsta i november.
-Side Brok er ei gruppe som på mange måtar er litt like oss i og med at dei gjer greia si på dialekt. Og det med stor suksess. BokkeReidars har aldri jobba med rap før, og eg trur vel ikkje at Side Brok har spelt med eit bluesband før heller. Så dette blir veldig spanande og ikkje minst underhaldande, seier Hunnes.

Billettsalet er i gong - og det er berre drøyt 300 billettar. Matematisk sett er det derfor lurt å gjere noko med det faktum at du ikkje har ein billett enno..

 

Kjøp billetten din her:

www.orsta.kulturhus.no

 

Klaus Blø @ Bokkereidars // 31.08.12

Vidar

Vidar