Trandal Blues 2014: BokkeReidars Bluesband + Side Brok

Dette er andre gongen Bokkane står på scena under Trandal Bluesfestival. Det er òg andre gongen dei deler scena med Side Brok.

Etter Trandalbluesen i 2011 fekk BRBB mykje skryt mellom anna i den norske bluesen sitt fremste taleorgan, Blues News. Det vart mellom anna hevda at BRBB er eit bluesband som må opplevast LIVE. Det har ein no sjansen til igjen på nydelege Trandal. Nytt sidan sist er at dette er i tospann med Hovdebygdas viktigaste kulturambassadørar Side Brok.

Når BokkeReidars feira 30 år i november 2012 var Jorunn Erdal, Kirsten Ose, Vidar Busk og Side Brok med som gjestar. Kvelden vart fabelaktig med fullstappa kulturhus i Ørsta og artig samspel med flinke folk. Noko som var spesielt artig var miksen mellom blues og rap - på norsk. Det har vel ikkje blitt gjort før? Dette gav meirsmak - og Trandalstyret inviterte den nye musikalske miksen til gards.

Laurdag 5. juli skjer det - om du ikkje har skaffa deg billett enno så er det enno tid. Informasjon om program, billettar o.l. finn du her: http://www.trandalblues.com/

PS! Det er meldt finevêr!

Klaus Blø @ Bokkereidars // 03.07.14

Side Bokk

Side Bokk