BokkeReidars BluesBand - Live i Volda

Det er lenge sidan BRBB har spelt i Volda - men no har du sjansen til å oppleve karane i konsertformat.

Laurdag 24. januar kl. 20 - Konsertsalen i Kaarstadhuset, HVO:

BokkeReidars BluesBand spelar i den nye konsertsalen ved Høgskulen. Repertoaret denne kvelden skil seg frå det bokkane spelar elles - men det vert blues og det vert på dialekt. Sjølv om bandet har vore aktivt i 32 år så kan ein nok telje antalet reine konsertar på ganske så få fingrar. Gjennom opptredenar på BaleJazz, Dei Nynorske Festspela og 30 årsfesten i Ørsta kulturhus har karane i bandet sett at det fungerer riktig så godt på denne måten òg.

BRBB:

Gunnar Solheim - Vokal

Svein Hunnes - Bass

Terje Hans Hansen - Trommer

Klaus Blø - Gitar

Steinar Høydal - Tangentar

Andrè Folkestad - Trombone

Ivar Kvangardsnes - Trompet

Trond Johnsen - Saxofon

 

Klaus Blø @ Bokkereidars // 09.01.15

Bokkehaud

Bokkehaud