BRBB tilbake til Buckleys

Roots og bluesscena Buckleys i Oslo må finne seg ein ny plass å vere, og ei konkret løysing på dette er ikkje på plass enno.
BRBB har spelt mange gongar her dei siste åra. Dei avsluttar med å spele to konsertar på ein dag..

Laurdag 11. mars er det BokkeReidars BluesBand sin tur til å ta farvel med lokala i Lille Grensen før flyttinga. Samlingsstaden for roots og bluesinteresserte må flyttast og ein veit ikkje når og kor dette kan vere oppe å gå igjen.

BRBB har spelt 3 gongar på Buckleys dei to siste åra og kjem denne gongen for å gjere to konsertar på ein og same dag og håper sjølvsagt på repriser av den herlege stemninga som Buckleys ser ut til å stille med kvar gong! Måtte dei nye lokala vere på plass om kort tid og at gutta blir fornøgd med sin nye arbeidsplass!

Event på facebook for dagskonsert HER og for kveldskonserten HER

Klaus Blø @ Bokkereidars // 14.02.17

buckleys

buckleys