BRBB feirar 35 år på Chat Noir!

Det lengstlevande bluesbandet i landet feira sine 30 første år for fem år sidan med brask og bram i Ørsta kulturhus. Bursdagen vart feira med flotte gjesteartisar og med at alle i salen vart invitert på pølsefest i foajeen etter konserten. No er bandet 35 år.

Både band, publikum og gjesteartistar kosa seg stort i kulturhuset i Ørsta under 30 årsjubileet. Jorun Erdal, Kirsten Ose, Vidar Busk og Side Brok var med på å gjere dette til ein kveld som vert hugsa.

Det var så kjekt at ein tenkte - kva gjer vi når vi har eit "rundt" tal igjen? Jau, då feirar ein like greitt med brask og bram i sjølvaste Oslobygda!

Det kjem meir informasjon om kva og korleis - men datoen er berre å gule ut/krysse av/skrive ned/rydde rein/prioritere/sette av/og eventuelt liknande omgrep..

Datoen er laurdag 26. august - og meir informasjon finn du etter kvart HER

Klaus Blø @ Bokkereidars // 14.02.17

35 ÅR

35 ÅR