BokkeReidars har konvertert til NORSK!

BokkeReidars Bluesband runda 20 år ved årsskiftet, og vi har i denne perioda konsekvent framført tekstane våre på engelsk. Det einaste unnataket var då vi vart inviterte til skrive og framføre ei låt under den aller første utgåva av Dei Nynorske Festspela, ei låt som skulle ha nynorsk tekst og som difor ikkje heilt overraskande fekk tittelen Ivar Aasen.

Men det tok lang tid før vi lufta idéen om å gjere heile den musikalske pakka som BokkeReidars alltid har levert - i norsk språkdrakt, og då på sunnmørsdialekt som også vokalist Gunnar har hatt eit livslangt forhold til. Faktisk hadde vi diskusjonar på dette i fleire år før vi endeleg tok det første steget.

Det begynte med at vi inviterte ein vi visste skreiv godt på norsk, Olbjørn Øyehaug frå Ørsta, til å omsette nokre låtar vi allereie hadde på reportoaret. Første gong vi testa dette ut skikkeleg var i august 2001, under ei av dei faste øvingssamlingane våre på Grand Hotell på Hellesylt (fantastisk hyggeleg personale og fantastisk god mat!!). Og vi fekk umiddelbart full tenning alle mann. For det funka med sunnmørsdialekt på vår salige blanding av soul, blues, rythm and blues og rock! Og det var jo også ein fordel at vi no faktisk forstod kva det var vi song om, sjølv om det då gjekk opp ein og annan uhyggeleg aha-opplevelse frå dei som gjerne vil tilhøyre andseliten i bandet...

Vel, so far so good. For det tek tid å få gjennomført såpass drastiske endringar som eit språkskifte. Olbjørn leverte ein del tekstar, Svein og André satt seg ned og skreiv tekstar, og vi begynte så smått å komponere litt også.

I romjula 2002 var vi for første gong klare med fullt konsert-reportoar på norsk, og norsk-reportoaret blei då også framført under vårt årlege JuleBokk-arrangementet i Volda og den like årlege JuleJazzen i Ålesund. Og responsen har utelukkande vore svært positiv!

Status akkurat no er å utvikle norsk-prosjektet vidare, og vi sysslar også med tankane om å lage ein ny CD med utgangspunkt i dette materialet. Kanskje allereie i år...

system @ Bokkereidars // 16.04.07