Det skjer mykje spennande rundt bandet i desse dagar

BokkeReidars skal spele under Dei Nynorske Festspela i Volda fredag 27. juni, på ein stor utekonsert i Volda sentrum nede ved hamna. Store delar av sentrum blir sperra av under arrangementet, og klaffar det med godt vær, så kan dette bli verkeleg morosamt! Det er forøvrig 11 år sidan sist BokkeReidars spelte under Festspela, som den gong var den allerførste utgåva under namnet Nynorsk Festspelveke. Vi jobbar også ein del med låtskriving, og har i samband med det knytta til oss ein svært spennande tekstforfattar! Og går alt etter planen så kan det også hende at det kjem ein ny BokkeReidars-CD om ikkje alt for lenge.

system @ Bokkereidars // 16.04.07