23.06.03: Vi har kome eit stykke vidare med norskprosjektet vårt, som har fått arbeidstittelen "Med Ivar Aasen backstage!"
Og for å oppsummere litt: inspirert av både Aasen og det faktum        at vi er sunnmøringar bestemte vi oss for ei tid tilbake å        starte på eit prosjekt som har som mål å presentere blues,        soul og rythm'n blues med originale tekstar på nynorsk. Tradisjonelt        så har det engelske språket nærmast hatt monopol på        denne typen musikk, og dei få som har vågd seg på det        norske har gjort det på bokmål. Vegen frå blues og soul        til nynorsk har nok også for mange framstått som uoverkomeleg        lang, og kanskje også aldri så lite upassande! 
Nettopp difor har det vore både utfordrande og moro å jobbe        med dette.
Vi i BokkeReidars står bak dei fleste norske tekstane sjølve.        I tillegg har vi fått gode bidrag frå blant andre Are Kalvø        og ørstingen Olbjørn Øyehaug. 
Også fleire av komposisjonane er våre eigne, medan resten er        plukka fram frå den store blues- og soulskattekista, og fått        nytt utrykk gjennom nye tekstar og arrangement.
Så vidt vi veit er vi ganske aleine om å framføre soul og blues på nynorsk. Nynorsk Kultursentrum synest også prosjektet er spanande, og har engasjert oss til å halde konsert i Volda 27. juni under Dei Nynorske Festpela, der vi for første gong presenterer songane for eit større publikum.
Vi har pr. i dag ikkje spelt inn noko av materialet. Men noko av poenget        med prosjektet er få å gitt ut ein CD. Nynorsk Kultursentrum        er også her interessert i å være ein samarbeidspartnar,        og vi jobbar med å få realisert ein ny CD i løpet av        hausten. Vi har også fått med oss produsent Yngve Sæthre        (Ephemera, Pogo Pops, Barbie Bones) på CD-produksjonen!
Sunnmørsposten        skriv dette  om "Med Ivar Aasen backstage!"