Nyleg var BokkeReidars Bluesband tilbake på Dølajazz. Denne gongen, som sist, for å avslutte festivalen med arrangementet Supernatta. I år spelte dei saman med legendariske Chipahua. Det vart ei super natt..
Ein flott og godt besøkt festival gjekk mot slutten og det skulle markerast, tradisjon tru, med Supernatta ved Kulturhuset Banken. I år bestod det altså av tre konsertar på ein billett. Frå scena på Kafè Stift stømma tonane frå det norsk-islandske samarbeidet Icewegian Musical Treaty og oppe i storsalen var det proppfullt frå første tone av det hyggelege gjensynet med Chipahua. Til slutt var det altså gutane i BokkeReidars Bluesband med gjesten Palle "Groove" Wagnberg som skulle trå til - hoppe litt etter Wirkola. Gutane kosa seg stort - og publikummet såg verkeleg ut til å gjere det same.
Avisa GD skriv:
"Publikum var ikke noe mindre begeistret på denne konserten. Spilleglede og overskudd preger herrene, og vokalist Gunnar Solheim tar prisen som kveldens mest fysisk aktive. Ikke et øyeblikk sto mannen i ro. Han gikk, hoppet og beveget seg hele tiden mens han sang. En spennende vokalist, og et lite show i seg selv!"